Innadslåande balkongdør

Me produserer balkongdører med mål og utforming etter dine ønskjer. Fyllingar av Tricoya blir kitta inn på same måte som me gjer med glasa.


Om ikkje anna er spesifisert, blir dørene levert med vridar og knappvridar i børsta stål som vist under.

Innadslåande balkongdører har ikkje synlege hengsler.


Balkongdor med friste spor BYV 01631 Foto Ingvild Hovden
1 1/2-fløy innadslåande balkongdør frå utvendig side. Spesialfyllingar er friste og med vertikale spor. Vannstokk under glas. Utan vannstokk nede på dørblad.
Balkongdor med friste spor BYV 01632 Foto Ingvild Hovden
1 1/2-fløy innadslåande balkongdør med overlys frå innvendig side. Friste fyllingar og standard vridar. Hengsler er skjult på innadslåande dører.
Balkongdor BYV 00285
Innadslåande balkongdør frå utvendig side, før vridar montert. Med vannstokk nede på dørblad.Farge dør: NCS S 8010-G10Y. Farge kittfals: RAL 6007.
    • Fyllingar i Tricoya innvendig og utvendig.
    • Fyllingar blir kitta inn på samme måte som glasset. Det er altså ikkje profilerte lister rundt fyllingar.
    • Me anbefaler utvendig dørfarge i ein av fargane me har lagerført kitt til, for å unngå oppstartkostnad for spesialfarga kitt/ fugemasse. Lagerførte fargar er kvit (passar til dei fleste kvitfargar), svart, RAL 8016, RAL 6007, RAL 3009 og RAL 7024.
    • Karm og ramme er fingerskjøtt malmfuru.
    • Du kan velje om du vil ha frist/ profilert fylling, slett fylling eller spora fylling. Du kan velje ulik type fylling innvendig og utvendig.
    • Slagretning oppgir du ved å beskrive om døra skal vere hengsla på høgre eller venstre side når du ser døra frå INNVENDIG side. I våre tilbod er innadslåande dører teikna som sett frå INNVENDIG side.
    • For 2-fløya dører må du beskrive om det er høgre eller venstre dørblad sett frå innvendig side som skal vere gangdør.
    • Innadslåande dør blir som hovudregel produsert med vannstokk nede på dørblad, ref. bilete under. Men sjekk info om dette i tilbod/ ordrebekreftelse. Vannstokk under glas i dør kan eventuelt leverast som tilvalg.
    • Hugs å informere dersom brystning på dør skal tilpassast noko vindu som døra skal stå ved sidan av.
    • Dersom ikkje anna er spesifisert blir dør levert med standard vridar og knappvridar som vist under.
    • Innadslåande balkongdør har ikkje synlege hengsler.
  • Vridarar

    Alternative spesialvridarar til innadslåande balkongdør

    Fyllingar

    Slett fylling (her vist på utadslåande balkongdør)
    Frist fylling
    Spora fylling (her vist på utadslåande balkongdør)
    Spesialfylling frist med vertikale spor

    Vannstokk

    Innadslåande dør blir som hovudregel levert med vannstokk nede på dørblad. Sjekk info i tilbod/ ordrebekreftelse.
    Vannstokk under glas kan leverast som tilval.