Overrekking Miljofyrtarn BYV 01395 Foto Ingvild Hovden scaled

Om oss

Bykle Vindu er ein norsk produsent av vindu og dører. Spesialiteten vår er vindu med kittfals, gjerne til antikvariske, verneverdige og verna hus. Sidan 1984 har me hatt produksjon i Bykle, øvst i Setesdal. Med om lag 60 dyktige tilsette, er me stolte av å vere ein viktig arbeidsplass i den vesle fjellkommunen.

Rundt i heile Noreg finnes både praktbygg og kvardagsbygg som me har levert vindu og dører til. Kvalitet, finish og skreddarsaum er viktig for oss. Enten me leverer til det gamle hotellet med historisk sus ved fjorden, til laftehytta høgt til fjells, til sveitservillaen ved innsjøen, til bygarden med pulserande liv midt i storbyen eller til skulen fylt av historie i veggane. Sjå gjerne nokre av bygga me har levert til her.


HER KAN DU LESE OG LASTE NED VÅR BROSJYRE

Verdiane våre

PÅLITELEG

SOLID

STOLT

Verdiar 1920 Foto Ingvild Hovden
ROM FOR TRE BYV 01541 Foto Ingvild Hovden 1 scaled e1679994958272

Utstillingar

Hovudkontor og produksjon er altså i Bykle, og her har me også utstilling.


ROM FOR TRE:

På Bryn i Oslo deler me lokalar med Dørfabrikken Vatnestrøm og Løkkan Tre. Her kan du sjå produkta våre utstilt, og få gode råd for løysingar til ditt prosjekt.

Adressa er Nils Hansens vei 14, og det er 5-10 minuttars gange frå Bryn stasjon, Brynseng T-banestasjon og Hellerud T-banestasjon. Det er også gode parkeringsmoglegheiter (mot avgift).

Vår seljar Kenneth Dahl er på ROM FOR TRE tysdag, onsdag og torsdag kl. 8 – 15.30. Anbefaler å avtale tid: kenneth@byklevindu.no / tel 924 17 804.

www.romfortre.no

Berekraft

Me ønskjer sjølvsagt å vere ein ansvarleg aktør, og her ser du noko av det me gjer med tanke på berekraft:

  • Me er sertifisert som Miljøfyrtårn.
  • Me har all produksjon i Bykle, noko som medfører lokal verdiskaping i form av arbeidsplassar og skatteinntekter.
  • Me nyttar som standard fingerskjøtt malmfuru frå leverandørar som er FSC- og/ eller PEFC-sertifisert.
  • Me har flisfyr, og nyttar altså eiga flis til oppvarming av fabrikken.
  • Me kjeldesorterer avfall.
  • Me er godkjent returselskap i Ruteretur.
  • Me nyttar overflateprodukt frå Teknos, ein ansvarleg produsent som fokuserer på berekraft.
  • Fleire av seljarane våre køyrer elbil.
Berekraft
4 rams kobla iSOKiTT sett fra innside BYV 00507 Foto Marit Kvale 1 1 scaled

Utviklinga av iSOKiTT®

Utviklinga av iSOKiTT®-vinduet i lag med Grindland Trevare i 2007 – 2008 blei på mange måtar eit vendepunkt for Bykle Vindu.

Ein såg ofte at det var konfliktar mellom huseigarar og byantikvar/ vernemyndigheiter. Sistnemnde sette strenge krav for kva vindu som kunne nyttast ved utskifting av vindu i verneverdige hus, og ofte var kobla vindu einaste alternativ. Huseigarar ønskte vindu med enklare reinhald og vedlikehald.

Me ønskte å ivareta begge partar, og løysinga blei altså iSOKiTT® som er kitta for hand og ser ut som eit tradisjonelt, kobla vindu – men altså med eigenskapar meir som eit moderne vindu. iSOKiTT® utgjer i dag rundt 90 % av produksjonen vår.

Også Termokitt® (termokittvindu) er vårt registrerte varemerkenamn.

Familien veks

Bykle Vindu og Grindland Trevare hadde eit godt samarbeid over lenger tid, og i 2012 fusjonerte dei to verksemdene. Me fekk med oss flinke folk derfrå som tilførte kompetanse, og etter kvart blei all produksjonen flytta til Bykle.

Ei anna verksemd med stolte handverkstradisjonar var Østlandske Vindu på Brandval. I 2015 fekk dei det tøft, og det ende med konkurs. Me fekk med oss Jan Erik Bråten (dagleg leiar) og Roy Vestli vidare i Bykle Vindu. Me er veldig glade for at me dermed har ei svært kompetent salsavdeling på Kirkenær, som tar seg av det meste av befaringar og kundebesøk i Oslo-området og Austlandet elles.

Salgsgengen samla BYV 00886 Foto Ingvild Hovden

Her er nokre glimt frå produksjonen

Ferdigstilling av 2 floyet ytterdor BYV 00648 Foto Ingvild Hovden scaled
Tom Inge og David med siste finish på denne flotte døra
Fra produksjonen BYV 00237 1920 Foto Sian OHara
Harald set i glas. Han har jobba her sidan 1985! Foto: Tre i Setesdal - Sian Ohara
Fra produksjonen BYV 00241 1920 Foto Sian OHara
Thazin er dreven på å legge fine kittfalsar. Foto: Tre i Setesdal - Sian Ohara
Fra produksjonen BYV 00228 1920 Foto Sian OHara
Hans Olav jobbar med samansetting. Foto: Tre i Setesdal - Sian Ohara
Fra produksjonen BYV 00225 1920 Foto Sian OHara
Lars Atle sjekkar høvlinga av materialane. Foto: Tre i Setesdal - Sian Ohara
2 floya balkongdorer med overlys BYV 00454 1920 Foto Ingvild Hovden
Store ting på gong! Artur, Karol og David gjer ei 2-fløya balkongdør med overlys klar for sending.
Kurva spesialvindu i produksjon BYV 00375 scaled
Goran finn løysingar på det meste!
home info sec 3 img
Kittfalsen lagt for hand er vår "signatur". Foto: Tre i Setesdal - Sian Ohara
Luciafeiring 2020 BYV 00640 1920 Foto Ingvild Hovden 1
Gjengen på kontoret overraska produksjonen med Luciaopptog. Og Trond fekk oppfylt draumen om å vere Lucia :)
Avslutning for Kaj BYV 00638 1920 Foto Ingvild Hovden
"Vindusguruen" vår Kaj Kærgaard blei pensjonist i desember 2020, etter 40 år i Grindland Trevare og Bykle Vindu!
Avskjed for Knut Fjeldsgard BYV 00438 1920
Knut Fjeldsgård blei pensjonist i oktober 2019, etter 50 år i Grindland Trevare og Bykle Vindu!