2 floya ytterdor til hytte BYV 00307 1920

Dører

Me produserer ytterdører og balkongdører etter spesifikasjonar og ønskjer frå kunde. Send oss ytre karmmål og info, og gjerne ei skisse av slik du ønskjer døra med glasfelt, fylllingar, etc. – så teiknar me opp og sender tilbod.

Lengst ned på denne sida kan du sjå bilete av ein del dører me har levert. Kanskje du finn noko du likar?


Slagretning på dører

For å fastslå slagretning på ytter- og balkongdører kan du stille deg på den sida av døra der hengslene er synlege når døra er lukka, så ser du kva side hengslene er på. I våre tilbod er alltid dører avbilda frå hengsleside. I Noreg er det mest vanleg med utadslåande dører.

Her er døme på ei 2-fløya, utadslåande dør med dobbel slaglist. Høgre dørblad = gangdør, høgrehengsla. Venstre dørblad = venstrehengsla (festa med skåter).

Alle våre dører kan som utgangspunkt opnast 180 grader, men merk at dette er avhengig av korleis døra blir montert i veggen. Om du vel balkongdør med vindbrems, er opningsvinkel avgrensa til 90 grader.

2 floya ytterdor til hytte BYV 00309 1

Om dørfyllingar

Me produserer ytterdører og balkongdører med fyllingar (speglar) som blir montert med kittfals, slik som vindua våre. Fyllingane er laga med vannfast MDF innvendig, og Tricoya utvendig. Karm og ramme er i fingerskjøtt malmfuru. Andre tresortar kan leverast på førespurnad.

På bildet er oppe frå venstre:

  • Friste fyllingar
  • Slette fyllingar
  • Spora fylling
  • Spesialfylling frist med vertikale spor
Dorfyllinger
Vridere utadslaende balkongdor

Vridar til dører

Ytterdører blir levert utan vridar.

Til utadslåande balkongdør kan me levere ei rekke alternative vridarar. Om ikkje anna er spesifisert blir balkongdør levert med vår standard vridar, med blendeskilt utvendig og knappvridar innvendig.

Til innadslåande balkongdører er det dessverre ikkje valmoglegheiter, då kan me kun levere standard vridar.

Du kan sjå større bilete av vridarane ved å bla gjennom galleriet under.

Vindbrems til utadslaende balkongdor BYV 01944 1920 e1715777212565

Vindbrems til utadslåande balkongdører

Om ein ønskjer det kan me levere utadslåande balkongdør med vindbrems. Det vil seie at ein kan låse døra i ønskt lufteposisjon ved å vri ned vridaren. Merk at med vindbrems kan ein berre opne døra 90 grader. Ein bør altså vurdere om det er dumt at døra tar plass på uteområde når den står open.

Her kan du bla deg gjennom nokre av dørene me har produsert

iSOKiTT 2 floya ytterdor BYV 00650 Foto Ingvild Hovden scaled
Innadslåande 2-fløya iSOKiTT ytterdør med friste fyllingar, overlys og spesialsprosser. Mål: 1170x2570. Sett frå utvendig side (ingen synlege hengsler).
2 floya iSOKiTT ytterdor med overlys BYV 00526 Foto Ingvild Hovden 1 scaled
Utadslåande 2-fløya iSOKiTT ytterdør med dobbel slaglist, friste fyllingar og glas med storstjerne mønster. Standard hengsler som er malt.
2 floya ytterdor BYV 00312 1
Utadslåande 2-fløya iSOKiTT® ytterdør med dobbel slaglist og friste fyllingar. Farge RAL 6007. Galvaniserte dråpehengsler.
Bua iSOKiTT ytterdor utadslaende BYV 01218 scaled
Bua utadslåande iSOKiTT® ytterdør med frist fylling.
Malt drapehengsle pa utadslaende balkongdor BYV 01945 1920 1
Malt dråpehengsle til utadslåande balkongdør.
Vridere utadslaende balkongdor
Standard vridar og alternative vridarar til utadslåande balkongdør. Alle typar blir levert med blendeskilt utvendig og knappvridar innvendig om ikkje anna er spesifisert.
Standard vrider til innadslaende balkongdor BYV 01459 1920 Foto Ingvild Hovden
Standard vridar til innadslåande balkongdør.