Vindu

Vindu

Me produserer primært 4 typar vindu. Felles for alle er at me produserer alt etter mål og spesifikasjonar frå kunde, og ein kan gjere ei rekke ulike val for å tilpasse til rett tidsepoke, ønskt funksjonalitet og andre ting.

I dette blogginnlegget forklarar me nærmare om ulike faguttrykk det er greitt å ha oversikt over om ein skal bestille vindu.

Du kan også laste ned denne presentasjonen kor me forklarer faguttrykk og ulike tilval: Presentasjon produkt, faguttrykk og tilval – Bykle Vindu

Skillebekk-768x1024

iSOKiTT®

Dette er den vindustypen me sel desidert mest av. Me utvikla vinduet i 2008, for å kunne levere eit vindu med moderne funksjonalitet og tradisjonell, klassisk utsjånad. Når ein vel vindu med kittfals vil det seie at glasa er festa til rammene med ein fals i staden for glaslist – slik det også blei gjort «i gamle dagar».

Kvifor skal du velje iSOKiTT®?

  • Klassisk, tradisjonell utsjånad.
  • Funksjonalitet som oppfyller dagens krav til moderne vindu.
  • Enklare reinhald og vedlikehald enn kobla vindu.
  • Kan leverast i ei rekke ulike variantar.
  • Kan nyttast i dei fleste tilfeller der antikvar eller andre sett krav om antikvariske vindu.

Kobla vindu

Dette er vindu med lange og gode tradisjonar i Noreg. Her får du «ekte sprossevindu» med gjennomgåande sprosser i det ytterste glaset/ ramma, og isolerglas med heil glasflate innvendig i indre ramme. Dei to vindusrammene er festa med hengsler så ein kan opne for reinhald og vedlikehald mellom rammene.

Kvifor skal du velje kobla vindu?

  • Klassisk, tradisjonell utsjånad.
  • Funksjonalitet som oppfyller dagens krav til moderne vindu.
  • Kan leverast i ei rekke ulike variantar.
  • I ein del tilfelle krev antikvar eller andre at gamle vindu må erstattast med kobla vindu.
project-vinduer-img-2
Bykle-Energi-Design-BYV-00258-1-1020x1024

Bykle Energi Design

Dette vinduet er utvikla med tanke på meir moderne bygg. Her er utvendig side fri for forstyrrande element som glaslister og aluminiumslister. Glasa er festa med ei smal fuge, og ein får meir lysinnslepp. Innvendig har vindua den same avrunda profilen som iSOKiTT®.

Kvifor skal du velje Energi Design?

  • «Strammare» og reinare utsjånad.
  • Større lysinnslepp.
  • Funksjonalitet som oppfyller dagens krav til moderne vindu.
  • Kan leverast i ei rekke ulike variantar.

Isoler med glaslist

Dette er ein type vindu som er meir «standard», der glaset altså blir festa med glaslist i staden for kittfals.

Kurvet-4-rams-iSOKiTT-spesialvindu-BYV-00468 1920-Foto Marit Kvale-482x1024

Spesialvindu

Fabrikken vår er bygd opp for skreddarsaum. Me kan levere ei rekke ulike spesialvindu som til dømes bua, 6-kanta, kurva og anna. Me kan frese ut spesialsprosser, og kopiere gamle profilar. Om du treng ekstra store vindu, ukurante former eller ønskjer andre materialar som til dømes eik eller accoya, så har me løysingane.

Her er eit vindu kor både glas, ramme og karm er kurva.