Me produserer ytterdører med mål og utforming etter dine ønskjer. Fyllingar av Tricoya blir kitta inn på same måte som me gjer med glasa.
Innadslåande ytterdør blir levert med vridar i børsta stål og sylinder med knappvridar innvendig.
Innadslåande dører har ikkje synlege hengsler.

Innadslåande 2-fløya ytterdør med friste fyllingar, overlys og spesialsprosser. Med vannstokk nede på dørblad. Sett frå utvendig side. Mål på denne døra er 1170 x 2570.

Innadslåande 2-fløya ytterdør med friste fyllingar, overlys og spesialsprosser. Sett frå innvendig side. Mål på denne døra er 1170 x 2570.

Bua innadslåande ytterdør med friste fyllingar og overlys med spesialsprosser. Med vannstokk nede på dørblad. Spesialfarga fugemasse på glass og fyllingar.

Innadslåande ytterdør med friste fyllingar og spesialsprosser, sett frå innvendig side. Døra har mål 850 x 1690.

Innadslåande ytterdør med friste fyllingar og spesialsprosser, med vannstokk nede på dørblad. Sett frå utvendig side. Dørfarge NCS 7020-G10Y med kittfals RAL 6007. Døra har mål 850 x 1690.
- Fyllingar i Tricoya innvendig og utvendig.
- Fyllingar blir kitta inn på samme måte som glasset. Det er altså ikkje profilerte lister rundt fyllingar.
- Me anbefaler utvendig dørfarge i ein av fargane me har lagerført kitt til, for å unngå oppstartkostnad for spesialfarga kitt/ fugemasse. Lagerførte fargar er kvit (passar til dei fleste kvitfargar), svart, RAL 8016, RAL 6007, RAL 3009 og RAL 7024.
- Karm og ramme er fingerskjøtt malmfuru.
- Du kan velje om du vil ha frist/ profilert fylling, slett fylling eller spora fylling. Du kan velje ulik type fylling innvendig og utvendig.
- Slagretning oppgir du ved å beskrive om døra skal vere hengsla på høgre eller venstre side når du ser døra frå INNVENDIG side. I våre tilbod er innadslåande dører teikna som sett frå INNVENDIG side.
- For 2-fløya dører må du beskrive om det er høgre eller venstre dørblad sett frå innvendig side som skal vere gangdør.
- Innadslåande dør blir som hovudregel produsert med vannstokk nede på dørblad, ref. bilete under. Men sjekk info om dette i tilbod/ ordrebekreftelse. Vannstokk under glas i dør kan eventuelt leverast som tilvalg.
- Hugs å informere dersom brystning på dør skal tilpassast noko vindu som døra skal stå ved sidan av.
- Dør blir levert med standard vridar og sylinder som vist under. Me kan dessverre ikkje tilby alternativ til innadslåande ytterdør.
- Innadslåande dør har ikkje synlege hengsler.
Standard vridar og knappvridar til innadslåande ytterdør. Standard vridar og sylinder til innadslåande ytterdør. Standard hardtre terskel innadslående dør. Vannstokk nede på dørblad som vist her blir levert om det er beskrive i tilbud/ ordre. Innadslåande dør blir som hovudregel levert med vannstokk nede på dørblad. Sjekk info i tilbod/ ordrebekreftelse.
Fyllingar
Slett fylling (her vist på utadslåande balkongdør)Frist fylling (her innvendig side)Spora fylling (her vist på utadslåande balkongdør)Spesialfylling frist med vertikale sporVannstokk
Innadslåande dør blir som hovudregel levert med vannstokk nede på dørblad. Sjekk info i tilbod/ ordrebekreftelse.Vannstokk under glas kan leverast som tilval.









