iSOKiTT® utadslåande

Dette er den vindustypen me sel desidert mest av. Me utvikla vinduet i 2008, for å kunne levere eit vindu med moderne funksjonalitet og tradisjonell, klassisk utsjånad. Når ein vel kittfalsvindu vil det seie at glasa er festa til rammene med ein kittfals i staden for glaslist – slik det også blei gjort «i gamle dagar».


Vindua kan leverast med ei rekke individuelle tilpassingar. I dette blogginnlegget forklarer me forskjellen på «standard» og «antikvarisk» utføring.


Ei forklaring av forskjell på iSOKiTT® og kobla vindu finn du i dette blogginnlegget.


Merk at både iSOKiTT® og Termokitt® er våre registrerte varemerkenamn.

Standard iSOKiTT sett frå utsida
Standard iSOKiTT® sett frå utsida. Her i fargen NCS 4060 Y80R.
Standard iSOKiTT sett frå innside
Standard iSOKiTT® sett frå innsida. Her i fargen NCS 4060 Y80R.
4 rams kobla iSOKiTT sett fra utside BYV 00505 1920 Foto Marit Kvale 1
4-rams iSOKiTT® med antikvariske tilval: Malte hjørnejern, malte dråpehengsler, overfals mot midtpost, uttrekt losholt, uttrekt bunnkarm og lita klaring mellom bunnramme og bunnkarm.
4 rams kombinasjon kobla iSOKiTT Antikvarisk full pakke sett fra utside BYV 00471 1920 Foto Marit Kvale
På dette vinduet er dei 2 rammene til høgre kobla, medan dei 2 til venstre er iSOKiTT®. Elles same antikvariske tilval som på førre bilete. Farge: RAL 8016.
2 rams iSOKiTT sett fra innside BYV 00496 Foto Marit Kvale scaled
2-rams iSOKiTT® med espagnolett og vrider. Dette vinduet har dekor post.
Synlige sluttstykker nar espagnolett uten overfals mot post BYV 01706 1
Merk at om ein har vridar i staden for hasper innvendig, vil sluttstykker for lukking vere synleg frå utvendig side. Dette kan ein unngå om ein vel overfals mot midtpost, som vil skjule sluttstykkene.
Vindbrems
Her er venstre ramme (1) sidehengsla, og høgre ramme (2) er sidestyrt. Med sidestyrt kan ein snu vinduet inntil 90 grader, for å vaske frå innvendig side.
Profiler antikvarisk BYV 00110 Foto Marit Kvale 1 scaled
iSOKiTT® med antikvariske tilval: Høg dekor post, dekor losholt, karm uten profil/ foring i full karmtykkelse. Om ein skal ha dekor post/ losholt, må karm vere uten profil.
4 rams kombinasjon kobla iSOKiTT Antikvarisk full pakke sett fra utside BYV 00470 1920 Foto Marit Kvale
Her ser ein at vinduet er 2-farga: Kvitt innvendig og brunt utvendig. Dei to rammene til venstre er kobla, dei to til høgre er iSOKiTT®. Nedre høgre ramme har espagnolett og vrider.
Foss videregaende skole BYV 00204 scaled
Bua 6-rams iSOKiTT® med alle antikvariske tilval, inkludert dryppnese på bunnramme.
Colbjornsens gate BYV 01144 1920 Foto Ingvild Hovden
6-rams iSOKiTT® med standard profilar innvendig, JaSafe sikringsbeslag og sidestyrt beslag. Ventil som er skjult utvendig.
Bua vindu isokitt BYV 00957 Foto Ingvild Hovden
Bua 5-rams iSOKiTT® med standard profilar innvendig.
Colbjornsens gate 13 BYV 01131 1920 Foto Ingvild Hovden
iSOKiTT® med full antikvarisk pakke og sidestyrte beslag + "falske hengsler". Det vil seie at ein kan snu vinduet opptil 90 grader for å vaske frå innvendig side, men vindua ser ut som sidehengsla.
    • Klassisk, tradisjonell utsjånad med kittfals og smale sprosser.
    • Funksjonalitet som oppfyller dagens krav til moderne vindu.
    • Enklare reinhald og vedlikehald enn kobla vindu.
    • Kan leverast i ei rekke ulike variantar, og ein kan velje kva antikvariske tilval ein eventuelt ønskjer.
    • Oppfyller Byantikvaren si momentliste for gode vinduskopiar, og kan nyttast i dei fleste tilfeller der antikvar eller andre sett krav om antikvariske vindu.
    • Godkjent av Norsk dør- og vinduskontroll (NDVK)

    Dersom ikkje anna blir spesifisert, blir vindu levert med desse standard beslaga:



  • Merk at det ikkje er alle typar beslag som kan kombinerast, og nokre typar kan berre nyttast på visse typar karmar/ profilar. Dette blir avklart i dialog med seljar. Andre tilval med tanke på antikvarisk utforming er lenka til i introduksjonen over.

    Hasper

    Standard elforzinka haspe u/ plate, konsoll u/ profil
    Messing haspe u/ plate, kun til karm uten profil
    Messing dråpehaspe, kun til karm uten profil
    Messing dråpehaspe rund, kun til karm uten profil
    Blank krom dråpehaspe, kun til karm uten profil
    Matt krom dråpehaspe, kun til karm uten profil
    Sort dråpehaspe, kun til karm uten profil
    Krokhaspe m/ stjerthake, kun til post med høy dekor
    Ein kan velje vrider i staden for hasper om ein ønskjer det. Merk at dersom ein vel espagnolett og vrider så vil sluttstykke til espagnolett vere synleg frå utvendig side. Dette kan ein skjule om ein i tillegg vel overfals mot midtpost utvendig.

    Vridere

    Standard vrider til utadslåande vindu.
    Alt. vrider med knappsikring.
    Alt. vrider Björkö, blank krom.
    Alt. vrider Björkö, børstet forniklet.
    Alt. vrider Björkö, formessinget.
    Alt. vrider Björkö, sort.
    Alt. vrider Prästö, blank krom.
    Alt. vrider Prästö, børstet forniklet.
    Alt. vrider Prästö, formessinget.
    Alt. vrider Prästö, sort.
    Alt. vrider Ingarö, blank krom.
    Alt. vrider Ingarö, formessinget.
    Alt. vrider Tyresö, blank krom.
    Alt. vrider Tyresö, børstet forniklet.
    Alt. vrider Tyresö, formessinget.
    Alt. vrider Tyresö, sort.
    Björkö, Prästö, Ingarö og Tyresö kan leverast med denne type sikring.

    Hengsler

    Standard hengsle - galvanisert.
    Standard hengsle - galvanisert og malt.
    Dråpehengsle "Osloknop" - galvanisert.
    Dråpehengsle "Osloknop" - galvanisert og malt.
    Dråpehengsle "Norgesknop" - galvanisert.
    Dråpehengsle "Norgesknop" - galvanisert og malt.
    Hengsle m/ "Hamborgknop" - galvanisert.
    Hengsle m/ "Hamborgknop" - galvanisert og malt.
    Hengsle i aluminium

    Hjørnejern

    Galvanisert "Sveitserstil" (vårt standard), vanleg ca 1850 - 1910.
    "Sveitserstil" m/ rettspora skruar (tillegg).
    "Jugendstil", vanleg ca 1900-1920.
    "1950-tals"/ "Grorud", her innfelt (tillegg).
    "Rokokkostil", vanleg ca 1760-1790.
    "Empire", vanleg ca 1810-1850.
    Hjørnejern med "rompestol", her sveitserstil. Kan også leverast som empire eller rokokko.

    Pyntekrokar og sikringsbeslag

    Standard utvendig stormkrok
    Innvendig PYNTEkrok med stjerthake, elforzinka. Kan ikke benyttes ved snudd foring eller foring i full karmtykkelse.
    Innvendig PYNTEkrok med stjerthake, elforzinka. Kan ikke benyttes ved snudd foring eller foring i full karmtykkelse.
    Innvendig PYNTEkrok med stjerthake, messingfarget. Kan ikke benyttes ved snudd foring eller foring i full karmtykkelse.
    Jasafe sikringsbeslag, 3 luftestillingar. Kvit eller børsta stål.
    Jasafe sikringsbeslag, 3 luftestillingar. Kvit eller børsta stål.
    Skjult sikringsbeslag "arm i fals"
    Vrider med knappsikring.
    Sikring til vridere Björkö, Prästö, Ingarö og Tyresö.
    Assa Abloy sperreanordning/ snor
    Mila sikringslås m/ nøkkel
    KLIKK PÅ BILETA FOR Å SJÅ HEILE.

    Antikvariske tilpassingar

    Overfals mot midtpost utvendig. Skjuler glipe mellom ramme og post, samt eventuelt sluttstykke til espagnolett.
    Lita klaring mellom bunnramme og bunnkarm/ losholt utvendig. Reduserer glipe mellom ramme og karm.
    Uttrekt bunnkarm utvendig.
    Uttrekt losholt utvendig.
    Karm uten profil innvendig. Her bunnkarm (ikkje uttrekt, og ikkje lita klaring mellom ramme og karm).
    Spesialprofil "Oscar" på ramme. Her med karm uten profil. Kan kun leverast for 2-lags glas.
    Karm og ramme uten profil innvendig, "FUNKIS". Kun for 3-lags glas. Her med 50 mm ramme i staden for 55 mm som er standard.
    Dekor på losholt innvendig. Dersom T-post er dekoren høyere. Dekor krever karm uten profil.
    Dekor på post innvendig. Høgde avhengig av evt. lostholt. Krever karm uten profil.
    Spesialdekor "Støre" på post innvendig. Krever karm uten profil.
    Spesialdekor "Eker" på post innvendig. Krever karm uten profil.
    Spesialdekor "Østlandske" på post innvendig. Kan kombinerast med standard profil på karm.
    Merk at ventil vil "slå i hel" eventuelle lydkrav. Til vindu med antikvariske krav anbefaler me ventil som er skjult utvendig.

    Ventilar

    Ytterdel ventil, kvit plast
    Ytterdel ventil, sort plast
    Ytterdel ventil, kvit aluminium.
    Alt. fargar ytterdel ventil aluminium.
    Innerdel ventil, aluminium
    Innerdel ventil, kvit
    Lufting skjult i øvre karm. Ikkje synleg utvendig.
    Det er vanleg at varmkantspacer (isolert avstandslist inni isolerglas) har tilnærma lik farge som vindu innvendig. Vår standard dersom ikkje anna er spesifisert, er kvit/ lys grå.

    Spacer

    Alternative fargar spacer. Andre fargar på førespurnad.
    • Fingerskjøtt malmfuru med høg andel kjerneved frå FCS-sertifisert leverandør. Andre tresortar på førespurnad.
    • Som standard levert med foringsnot (10 mm)
    • 2- eller 3-lags glas (kan leverast med lydglas, sikkerheitsglas, sjølvrensande, solbeskytting eller dekorglas)
    • Med eller utan lufteventil. Sjå «Tilval».
    • Standard dimensjonar (sjå også teikningar):
      • 22 mm iSOKiTT®-sprosser
      • Karmdybde 92 mm
      • Rammebreidde 55 mm inkl. kittfals
    • Profil som på teikning. Kan leverast med andre profilar, til dømes karm utan profil og FUNKIS ramme.
    • Levert utan monteringsbeslag eller forboring for montering.
    • Sprøytemalt overflatebehandling:
      • Grunning: Teknos Aqua primer 2907-42 (beskyttar mot sopp)
      • Toppstrøk: Teknos Aquatop 2600 (glans = 40 ved vår standard kvit)

    Sjå også informasjon i FDV.

    Teikningar:

    Om du ønskjer snitteikningar kan du sende førespurnad til post@byklevindu.no.