Bykle kobla vindu

Dette er vindu med lange og gode tradisjonar i Noreg. Her får du «ekte sprossevindu» med gjennomgåande sprosser i det ytterste glaset/ ramma, og isolerglas med heil glasflate innvendig i indre ramme. Dei to vindusrammene er festa med hengsler så ein kan opne for reinhald og vedlikehald mellom rammene.

Kobla vindu BYV 00249 Foto Marit Kvale 1 scaled
Kobla vindu har to rammer som er kobla saman med hengsler i sida. Ytre ramme har gjennomgåande sprosser.
Kobla vindu BYV 00138 Foto Marit Kvale scaled
2-rams kobla vindu sett frå innsida.
4 rams kobla iSOKiTT sett fra utside BYV 00506 1920 Foto Marit Kvale
4-rams vindu der rammene til venstre er kobla, og dei til høgre er iSOKiTT®. Dette vinduet har fleire antikvariske tilval.
4 rams kobla iSOKiTT sett fra innside BYV 00507 Foto Marit Kvale 1 1 scaled
4-rams vindu med iSOKiTT® til venstre, og kobla til høgre. Dette vinduet har fleire antikvariske tilval.
2 rams kobla romningsvindu sett fra utside BYV 00514 1920 Foto Marit Kvale
Kobla rømningsvindu med imitert midtpost, sett frå utsida. Galvaniserte dråpehengsler er standard på kobla vindu.
2 rams kobla romningsvindu sett fra innside BYV 00512 1920 Foto Marit Kvale
Kobla rømningsvindu med imitert midtpost og espagnolett/ vrider = godkjent eittgreps rømingsveg.
2 rams kobla romningsvindu sett fra utside BYV 00515 1920 Foto Marit Kvale
Kobla rømningsvindu i ope stilling.
Festiviteten i Larvik BYV 01099 1920 Foto Ingvild Hovden e1669987998915
Kobla vindu med "restover" glas levert i Larvik. Her er det malte hjørnejern og dråpehengsler, uttrekt losholt og bunnkarm og lita klaring mellom bunnramme og bunnkarm/ losholt. Desse vindua har IKKJE overfals mot midtpost.
    • Klassisk, tradisjonell utsjånad.
    • Funksjonalitet som oppfyller dagens krav til moderne vindu.
    • Kan leverast i ei rekke ulike variantar.
    • I ein del tilfelle krev antikvar eller andre at gamle vindu må erstattast med kobla vindu.

    Dersom ikkje anna blir spesifisert, blir kobla vindu levert med desse standard beslaga:

    Standard-elforzinka-haspe-uten-plate-og-konsoll-uten-profil-196x300
    STANDARD elforz. haspe u/ plate og konsoll u/ profil
      • Fingerskjøtt malmfuru med høg andel kjerneved frå FCS-sertifisert leverandør. Andre tresortar på førespurnad.
      • Som standard levert med foringsnot (10 mm)
      • 2- eller 3-lags glas (kan leverast med lydglas, sikkerheitsglas, sjølvrensande, solbeskytting eller dekorglas)
      • Med eller utan lufteventil. Sjå «Tilval».
      • Standard dimensjonar (sjå også teikningar):
        • 22 mm iSOKiTT®-sprosser
        • Karmdybde 92 mm
        • Rammebreidde 55 mm inkl. kittfals
      • Profil som på teikning. Kan leverast med andre profilar, til dømes karm utan profil og FUNKIS ramme.
      • Levert utan monteringsbeslag eller forboring for montering.
      • Sprøytemalt overflatebehandling:
        • Grunning: Teknos Aqua primer 2907-42 (beskyttar mot sopp)
        • Toppstrøk: Teknos Aquatop 2600 (glans = 40 ved vår standard kvit)

      Sjå også informasjon i FDV.

    Teikningar:

    Om du ønskjer snitteikningar kan du sende førespurnad til post@byklevindu.no.