Me produserer balkongdører med mål og utforming etter dine ønskjer. Fyllingar av Tricoya blir kitta inn på same måte som me gjer med glasa.
Om ikkje anna er spesifisert, blir dørene levert med standard galvaniserte hengsler og standard vridar med blendeskilt utvendig og knappvridar innvendig.
Sjå bilete og informasjon om alternative beslag lenger nede.

Døme på 2-fløya utadslåande balkongdør med overlys og friste fyllingar. Denne har malte dråpehengsler, malte hjørnejern på overlys og spesialvridar "Björkö" i messingfarge. Høgre gangdør.

Døme på 2-fløya utadslåande balkongdør med spesialsprosser, friste fyllingar og farga folie i "ruter". Denne har malte, standard hengsler. Vridar er ein eldre variant som ikkje lenger blir levert. Venstre gangdør.
- Fyllingar i Tricoya innvendig og utvendig.
- Fyllingar blir kitta inn på samme måte som glasset. Det er altså ikkje profilerte lister rundt fyllingar.
- Me anbefaler utvendig dørfarge i ein av fargane me har lagerført kitt til, for å unngå oppstartkostnad for spesialfarga kitt/ fugemasse. Lagerførte fargar er kvit (passar til dei fleste kvitfargar), svart, RAL 8016, RAL 6007, RAL 3009 og RAL 7024.
- Karm og ramme er fingerskjøtt malmfuru.
- Du kan velje om du vil ha frist/ profilert fylling, slett fylling eller spora fylling. Du kan velje ulik type fylling innvendig og utvendig.
- Slagretning oppgir du ved å beskrive om døra skal vere hengsla på høgre eller venstre side når du ser døra frå utvendig side. I våre tilbod er utadslåande dører teikna som sett frå utvendig side.
- For 2-fløya dører må du beskrive om det er høgre eller venstre dørblad som skal vere gangdør.
- Hugs å informere dersom brystning på dør skal tilpassast noko vindu som døra skal stå ved sidan av.
- Dersom ikkje anna er spesifisert, blir utadslåande balkongdør levert med beslag som vist på bilder under. For alternative beslag kan du sjå på «Tilvalg».
- Balkongdør kan leverast med sylinder og nøkkel om ønskjeleg.
Standard galvaniserte hengsler Standard vrider med blendeskilt utvendig. Standard vrider med knappvrider innvendig. Hengsler
Standard galvaniserte hengsler. Kan leverast malt som dør.Dråpehengsler "Osloknop" - galvanisert eller malt som dør."Norgesknop" - galvanisert eller malt som dør."Hamborg" - galvanisert eller malt som dør.Utadslåande balkongdør kan leverast med vindbrems. Ved å lukke vridar med døra i open stilling, vil den då stå låst i ønskt luftestilling. MERK at vindbrems fører til at døra berre kan opnast 90 grader.Vindbrems
Vindbrems for ønskt luftestilling - men KUN opning til 90 grader.Du kan velje ulik type fylling utvendig og innvendig, om ønskjeleg.Fyllingar
Slett fylling.Friste fyllingar.Spora fylling.Spesialfylling frist med vertikale spor.Vridarar til balkongdører blir levert med blendeskilt utvendig og knappvridar innvendig. Dersom ein i staden ønskjer sylinder og nøkkel, må dette opplysast. Dei ulike alternative vridarane som er vist her, kan ikkje nødvendigvis leverast med sylinder og nøkkel. Spesialvridarar er bestillingsvare, og kan ha lang leveringstid.Vridarar
Standard vridar med blendeskilt utvendig og knappvridar innvendig.Spesialvridar "Prästö" i matt krom, blank krom, formessing eller sort. Med tilpassa blendeskilt og knappvridar.Spesialvridar "Björkö" i blank krom, matt krom, formessing eller sort. Med tilpassa blendeskilt og knappvridar.Spesialvridar "Tyresö" i matt krom, blank krom, formessing eller sort. Med tilpassa blendeskilt og knappvridar.Spesialvridar "Ingarö" formessing. Med tilpassa knappvridar og blendeskilt.