Om ein ønskjer å ta vare på originale vindu og samstundes redusere varmetap, så er innvendige varevindu ei god løysing. Slike innervindu kan og bidra til å redusere støy.
Varevindu blir montert innvendig mot karm eller foring, og kan leverast med enkelt glas eller 2-lags isolerglas.
Dette kan altså vere eit godt enøk-tiltak kor ein reduserer varmetap, men likevel kan behalde originale vindu og arkitektonisk uttrykk på gamle hus.

Innvendige varevindu levert til Amerikalinjen i Oslo. Foto: Francisco Nogueira

Innvendig varevindu. Her med rammer utan midtpost, spesialvrider og kvite hengsler (i staden for blanke som me primært brukar).

Innvendige varevindu levert til Bjølsen skole. Desse har spesialvrider.