Denne bygarden på Frogner skulle renoverast i original stil, og me leverte vindu og balkongdører i tråd med krav frå Byantikvaren. For at reinhald skulle vere enklare frå innvendig side, blei det gitt aksept for vindu med sidesving-beslag og «falske hengsler» – så det frå utsida ser ut som originale, sidehengsla vindu.
Bygarden blei byggemeldt i 1895 av arkitekt Olaf Boye, for Christian Bøe. Stiluttrykket er nybarokk. Kilde (og meir informasjon): Geir Tandberg Steigan
TYPE VINDU:
Utadslåande iSOKiTT® med 3-lags glas og:
- Sidestyrt og toppstyrt beslag.
- Fastskrudde midtrammer.
- «Falske dråpehengsler» malt i samme farge som vindu.
- Hjørnejern «Sveitserstil» malt i samme farge som vindu.
- Uttrekt bunnkarm og losholt.
- Overfals mot midtpost.
- Liten klaring mellom bunnramme og bunnkarm/ losholt.
- Standard hasper.
- «JaSafe» sikringsbeslag.
- Ventil – skjult utvendig, deksel innvendig.
- Utvendig farge og fugemasse: RAL 6007
- Innvendig farge: NCS 0502-Y.
OM PROSJEKTET:
TYPE BYGG: Pussa tegl, bygard, 4 etasjar. Byggemeldt i 1895. Listeført på Byantikvaren si gule liste.
OMFANG: 95 vindu og balkongdører.
LEVERINGSÅR: 2022
MONTERING/ VÅR KUNDE: Vindu Entreprenøren
ADRESSE: Colbjørnsens gate 13, Oslo
Under kan du bla gjennom bilder, og også sjå fasaden før renovering.