I 2021 feira Larvik 350-årsjubileum, og same året opna Festiviteten – renovert og tilbakeført til fordums prakt.
Trebygninga blei bygd som privatbustad i 1793, og fullført i 1810. I 1873 blei trebygninga bygd om, og det blei oppført ein fløy i mur. Arkitekt for ombygginga var Paul Due. I 1874 blei bygget tatt i bruk som fest- og forsamlingslokale. I murfløyen ligg Noregs tredje eldste teatersal. (Kjelde: Wikipedia)
Til heile trebygninga har me levert kobla vindu med Restover-glas. Restover har uregelmessig overflatestruktur, og liknar gamle munnblåste glas.
TYPE VINDU:
Utadslåande kobla vindu med Restover-glas (1 + 2-lags):
- Sidehengsla (øvre rammer topphengsla).
- Dråpehengsler malt i samme farge som vindu.
- Hjørnejern «Sveitserstil» malt i samme farge som vindu.
- Uttrekt bunnkarm og losholt.
- Redusert klaring mellom bunnramme og bunnkarm.
- Karm utan profil, med snudd foringsnot.
- Post og losholt med dekor innvendig.
- Standard hasper.
- Utvendig farge: NCS S 8010-Y50R
- Utvendig fugemasse: RAL 8016
- Innvendig farge: NCS S 0502-Y.
OM PROSJEKTET:
TYPE BYGG: Trehus frå 1793, fullført i 1810.
OMFANG: 49 vindu
LEVERINGSÅR: 2021
MONTERING/ VÅR KUNDE: Helge Klyve AS
ADRESSE: Storgata 33, Larvik
Under kan du bla gjennom bilder.