Herskapelege Hotel Union Øye har vore gjennom ei eventyrleg forvandling i løpet av 2021 – 2022. Me leverte vindu til husa i det nye Klyngetunet.
Dei nye husa ser slett ikkje nye ut – her er det bygd etter gamle tradisjonar, for at tunet skal stå godt til hotellet som blei opna i 1891. Det er lagt vekt på detaljar i både interiør og eksteriør. Me har hatt tett dialog med entreprenør og interiørarkitekt for å kome fram til rette løysingar og detaljar, og det er levert ulike løysingar til dei ulike husa.
OM PROSJEKTET:
OMFANG: 77 vindu (og 8 brannvindu)
LEVERINGSÅR: 2021
ADRESSE: Norangsdal 41, 6196 Norangsfjorden
MONTERING/ VÅR KUNDE: HS Bygg AS
ARKITEKT: Enerhaugen Arkitektkontor
INTERIØRARKITEKT: Corniche Interior Design
Under kan du bla gjennom fleire bilete av prosjektet.