«Kongegården er igjen ein konge verdig»
Sitatet er henta frå Riksantikvaren si eksempelsamling og omtale av dette freda bygget. Sjå lenke lenger nede.
Kongegården stod ferdig i 1820, og overlevde den store bybrannen i 1826. Huset var eigd av Mads Wiel, og som den mest fornemme privatbustaden i Halden blei bygninga nytta til innkvartering ved kongelege besøk. Etter 1897 har bygninga hatt ulike eigarar og vore nytta til næringsverksemd som hotell, serveringsstad, forretningar og pølsemakeri. (Kjelde: Riksantikvaren)
Noverande eigar kjøpte eigedomen i 2021, og har stått for ei omfattande renovering.
I 2024 fekk dei Halden kommune sin byggeskikkpris – og me gratulerer sjølvsagt!
Me leverte kobla vindauge med spesialprofilar og Restover®-glas i juni 2022.
Klikk her for å sjå bilete og omtale frå Riksantikvaren.
Og er kan du sjå kva SG&CO arkitekter skriv om prosjektet.
Takk også til Østby Eiendom for dialog undervegs, og for deling av bilder.



