I samband med utbygginga av hotell i Sommerrogaten er også denne villaen frå ca 1870 totalrenovert. Arkitekt og byggherre var T. S. Binneballe, og første leigebuar var statsråd Henrik L. Helliesen. Etter renoveringa husar villaen 11 eksklusive rom og suiter tilhøyrande Sommerro hotell.
Til dette prosjektet har me levert både utvendige vindu og innvendige varevindu til vindu som blei restaurert.
Prosjektet var eit samarbeid mellom fleire aktørar. Oslo Murmesterbedrift stod for fasaderehabilitering, Grøttumsbråtens Eftf. restaurerte originale vindu og monterte innvendige varevindu, Vindu Entreprenøren monterte dei nye vindua – og alle nye vindu inkludert varevindu blei levert av oss.
TYPE VINDU:
- Utadslåande iSOKiTT® med 3-lags glas.
- Sidehengsla.
- Antikvariske tilvalg:
- Overfals mot midtpost.
- Uttrekt losholt og bunnkarm.
- Lita klaring mellom bunnramme og losholt/ bunnkarm.
- Malte dråpehengsler.
- Malte hjørnejern med rettspora skruar.
- Magnetkontakt.
- Standard profilar og hasper innvendig.
- Sikringskrok skjult i fals.
- Nokre innadslåande iSOKiTT®.
- Nokre innvendige varevindu med 2-lags glas.
- Utvendig farge: NCS S 8010-Y10R.
- Utvendig fugemasse: RAL 8014.
- Innvendig farge: NCS S 0502-Y.
OM PROSJEKTET:
OMFANG: 44 vindu + 19 varevindu
LEVERINGSÅR: 2022
MONTERING/ VÅR KUNDE: Vindu Entreprenøren
MONTERING/ VÅR KUNDE VAREVINDU: Grøttumsbråtens Eftf.
ADRESSE: Inkognitogata 37, Oslo
Bla gjennom fleire bilete under (eksteriør tatt før prosjektet er heilt ferdigstilt).