Monteringsanvisning

Det er viktig at vindu og dører blir sett riktig inn i veggen. Produkta er underlagt ei rekke kvalitetskrav, og må derfor ikkje deformerast eller øydeleggast ved montasje. Monteringsfuge mellom karm og vegg må utførast slik at ein oppnår same luft- og regntetting og isolasjon som i veggen elles. Innfesting må vere så sterk og sikker at vindu eller dører ikkje kan ramle ut ved sterk vind.

Merk at produkta alltid skal kontrollerast for eventuelle skader ved mottak, og skader skal førast på fraktbrev. Synlege skader som blir rapportert etter at produkta er montert, blir ikkje tatt til følgje.

Merking og/ eller korkbrikker på glas bør fjernast innan 1-2 veker etter at produkta er levert. Byggherre vil nok sette stor pris på at merker blir fjerna før montering, for det kan vere vanskeleg å kome til for å fjerne merker på utvendig side etter montering.

Ved utandørs lagring skal produkta plasserast på strø eller pallar, slik at dei ikkje er i kontakt med underlaget. Produkta skal beskyttast mot nedbør og smuss ved å dekke på stabil og tilfredsstillande måte. Samstundes må dekke utførast så det er moglegheit for ventilasjon rundt produkta, så risiko for kondens ved tildekking blir avgrensa.

MERK AT FOR AT GARANTIEN PÅ VÅRE PRODUKT SKAL GJELDE, MÅ MONTERING SKJE I TRÅD MED VÅRE OG SINTEF SINE MONTERINGSANVISNINGAR.


UNDER HER FINN DU MONTERINGSANVISNING FOR VÅRE ULIKE PRODUKT. KLIKK PÅ BILDE FOR NEDLASTING.

Monteringsanvisning-vindu-196x300
MONTERINGSANVISNING VINDU
Monteringsanvisning-foring
MONTERINGSANVISNING FORING