Bykle kobla vindu

Dette er vindu med lange og gode tradisjonar i Noreg. Her får du «ekte sprossevindu» med gjennomgåande sprosser i det ytterste glaset/ ramma, og isolerglas med heil glasflate innvendig i indre ramme. Dei to vindusrammene er festa med hengsler så ein kan opne for reinhald og vedlikehald mellom rammene.

Kobla vindu BYV 00249 Foto Marit Kvale 1 scaled
Kobla vindu har to rammer som er kobla saman med hengsler i sida. Ytre ramme har gjennomgåande sprosser.
Kobla vindu BYV 00138 Foto Marit Kvale scaled
2-rams kobla vindu sett frå innsida.
4 rams kobla iSOKiTT sett fra utside BYV 00506 1920 Foto Marit Kvale
4-rams vindu der rammene til venstre er kobla, og dei til høgre er iSOKiTT®. Dette vinduet har fleire antikvariske tilval.
4 rams kobla iSOKiTT sett fra innside BYV 00507 Foto Marit Kvale 1 1 scaled
4-rams vindu med iSOKiTT® til venstre, og kobla til høgre. Dette vinduet har fleire antikvariske tilval.
2 rams kobla romningsvindu sett fra utside BYV 00514 1920 Foto Marit Kvale
Kobla rømningsvindu med imitert midtpost, sett frå utsida. Galvaniserte dråpehengsler er standard på kobla vindu.
2 rams kobla romningsvindu sett fra innside BYV 00512 1920 Foto Marit Kvale
Kobla rømningsvindu med imitert midtpost og espagnolett/ vrider = godkjent eittgreps rømingsveg.
2 rams kobla romningsvindu sett fra utside BYV 00515 1920 Foto Marit Kvale
Kobla rømningsvindu i ope stilling.
Festiviteten i Larvik BYV 01099 1920 Foto Ingvild Hovden e1669987998915
Kobla vindu med "restover" glas levert i Larvik. Her er det malte hjørnejern og dråpehengsler, uttrekt losholt og bunnkarm og lita klaring mellom bunnramme og bunnkarm/ losholt. Desse vindua har IKKJE overfals mot midtpost.
    • Klassisk, tradisjonell utsjånad.
    • Funksjonalitet som oppfyller dagens krav til moderne vindu.
    • Kan leverast i ei rekke ulike variantar.
    • I ein del tilfelle krev antikvar eller andre at gamle vindu må erstattast med kobla vindu.
    • Blir levert med vår standard kobla profil på sprosser om ikkje anna er spesifisert. Alternative profilar på sprosser finn du informasjon om i dette innlegget.
    • Moglege tilval for kobla vindu er i all hovudsak like som for utadslåande iSOKiTT®.

    Dersom ikkje anna blir spesifisert, blir kobla vindu levert med desse standard beslaga:

  • Hasper

    Standard elforzinka haspe og konsoll
    Messingfarga haspe og konsoll
    Messingfarga dråpehaspe RUND og konsoll. MERK: Noko fargeforskjell på haspe og konsoll.
    Messingfarga dråpehaspe og konsoll. MERK: Noko fargeforskjell haspe og konsoll.
    Blank krom dråpehaspe og konsoll.
    Sort dråpehaspe og konsoll. Ingen garanti mot flassing! Mogleg fargeforskjell haspe og konsoll.
    Sort ringhaspe og konsoll. Ingen garanti mot flassing! Mogleg fargeforskjell haspe og konsoll.
      • Fingerskjøtt malmfuru med høg andel kjerneved frå FCS-sertifisert leverandør. Andre tresortar på førespurnad.
      • Som standard levert med foringsnot (10 mm)
      • 2- eller 3-lags glas (kan leverast med lydglas, sikkerheitsglas, sjølvrensande, solbeskytting eller dekorglas)
      • Med eller utan lufteventil. Sjå «Tilval».
      • Standard dimensjonar (sjå også teikningar):
        • 22 mm iSOKiTT®-sprosser
        • Karmdybde 92 mm
        • Rammebreidde 55 mm inkl. kittfals
      • Profil som på teikning. Kan leverast med andre profilar, til dømes karm utan profil og FUNKIS ramme.
      • Levert utan monteringsbeslag eller forboring for montering.
      • Sprøytemalt overflatebehandling:
        • Grunning: Teknos Aqua primer 2907-42 (beskyttar mot sopp)
        • Toppstrøk: Teknos Aquatop 2600 (glans = 40 ved vår standard kvit)

      Sjå også informasjon i FDV.

    Teikningar:

    Om du ønskjer snitteikningar kan du sende førespurnad til post@byklevindu.no.