
Smått eller stort, nytt eller gamalt
Me har spesialisert oss på vindu med kittfals, og leverer mykje til verneverdige bygg med antikvariske krav.
Enten det er snakk om vindu eller dører til bygardar, skular, hotell, hus eller hytter – me hjelper deg gjerne.
Her kan du finne inspirasjon og sjå bilete frå ulike prosjekt me har levert til.

Gode råd er ikkje dyre
Veit du ikkje heilt kva du er ute etter? Me hjelper deg gjerne å kome fram til rette vindu og dører for ditt prosjekt, enten det er snakk om rett tidsepoke, funksjonalitet, antikvariske løysingar eller anna.

Kvalitet & finish
Me legg vår ære i å halde høg kvalitet på produkt og finish. Me nyttar som standard fingerskjøtt malmfuru med høg andel kjerneved frå FSC- og/ eller PEFC-sertifisert leverandør, og overflateprodukt og fugemasse som bidreg til god beskytting og lang levetid. Kittfalsen lagt for hand er vår «signatur».

Dører slik du ønskjer det
Me produserer balkongdører og ytterdører etter spesifikasjon og ønskjer frå kunde. Frå oss kan du til dømes få 2-fløya dører, friste fyllingar, dobbel slaglist og overlys.

Andre ønskjer?
Dersom du ønskjer produkt som me ikkje produserer sjølv i Bykle, så er me forhandlar av ei rekke gode produkt frå andre dør- og vindusprodusentar. Spør oss!

