project cat Bygardar

Vindu

Spesialiteten vår er vindu med kittfals, gjerne til verneverdige bygg kor det er antikvariske krav til vindu og dører.

Under er ei oversikt over ulike typar vindu me produserer. Felles for alle er at me produserer alt etter mål og spesifikasjonar frå kunde, og ein kan gjere ei rekke ulike val for å tilpasse til rett tidsepoke, ønskt funksjonalitet og andre ting.


I dette blogginnlegget forklarar me nærmare om ulike faguttrykk det er greitt å ha oversikt over om ein skal bestille vindu.

Du kan også laste ned denne presentasjonen kor me forklarer faguttrykk og ulike tilval: Presentasjon produkt, faguttrykk og tilval – Bykle Vindu 

Forklaring av ulike antikvariske tilval finn du i dette blogginnlegget.

Colbjornsens gate BYV 01204 1920 Foto Ingvild Hovden

iSOKiTT® utadslåande

Dette er den vindustypen me sel desidert mest av. Me utvikla vinduet i 2008, for å kunne levere eit vindu med moderne funksjonalitet og tradisjonell, klassisk utsjånad. Når ein vel vindu med kittfals vil det seie at glasa er festa til rammene med kittfuge i staden for glaslist – slik det også blei gjort «i gamle dagar».

Kvifor skal du velje iSOKiTT®?

  • Klassisk, tradisjonell utsjånad med kittfals og smale sprosser.
  • Funksjonalitet som oppfyller dagens krav til moderne vindu.
  • Enklare reinhald og vedlikehald enn kobla vindu.
  • Kan leverast i ei rekke ulike variantar, og ein kan velje kva antikvariske tilval ein eventuelt ønskjer.
  • Oppfyller Byantikvaren si momentliste for gode vinduskopiar, og kan nyttast i dei fleste tilfeller der antikvar eller andre sett krav om antikvariske vindu.
Innadslaende 4 rams iSOKiTT sett fra utside BYV 00467 1920 Foto Marit Kvale 1 e1655975542489

iSOKiTT® innadslåande

Nokre gonger er det behov for innadslåande vindu, til dømes på gatenivå i bygardar. Me produserer også desse med kittfals og detaljar tilpassa anvikvarisk utforming.

Kvifor skal du velje iSOKiTT®?

  • Klassisk, tradisjonell utsjånad med kittfals og smale sprosser.
  • Funksjonalitet som oppfyller dagens krav til moderne vindu.
  • Enklare reinhald og vedlikehald enn kobla vindu.
project vinduer img 2

Bykle kobla vindu

Dette er vindu med lange og gode tradisjonar i Noreg. Her får du «ekte sprossevindu» med gjennomgåande sprosser i det ytterste glaset/ ramma, og isolerglas med heil glasflate innvendig i indre ramme. Dei to vindusrammene er festa med hengsler så ein kan opne for reinhald og vedlikehald mellom rammene.

Kvifor skal du velje kobla vindu?

  • Klassisk, tradisjonell utsjånad.
  • Funksjonalitet som oppfyller dagens krav til moderne vindu.
  • Kan leverast i ei rekke ulike variantar.
  • I ein del tilfelle krev antikvar eller andre at gamle vindu må erstattast med kobla vindu.
iSOKiTT fastkarm med enkelt glass BYV 00520 1920 Foto Marit Kvale e1672928564403

Fastkarm

Me produserer 2 typar fastkarm:

  • iSOKiTT® med kittfals utvendig og uprofilerte glasslister innvendig.
  • Isoler med glasslister utvendig og profilert karm innvendig.

Amerikalinjen BYV 00290 1920 Foto Francisco Nogueira

Varevindu

Om ein ønskjer å ta vare på originale vindu og samstundes redusere varmetap, så er innvendige varevindu ei god løysing. Slike innervindu kan og bidra til å redusere støy.

Varevindu blir montert innvendig mot karm eller foring, og kan leverast med enkelt glas eller 2-lags isolerglas.

Dette kan altså vere eit godt enøk-tiltak kor ein reduserer varmetap, men likevel kan behalde originale vindu og arkitektonisk uttrykk på gamle hus.

Bykle Energi Design BYV 00258 1 scaled

Bykle Energi Design

Dette vinduet er utvikla med tanke på meir moderne bygg. Her er utvendig side fri for forstyrrande element som glaslister og aluminiumslister. Glasa er festa med ei smal fuge, og ein får meir lysinnslepp. Innvendig har vindua den same avrunda profilen som iSOKiTT®.

Kvifor skal du velje Energi Design?

  • «Strammare» og reinare utsjånad.
  • Større lysinnslepp.
  • Funksjonalitet som oppfyller dagens krav til moderne vindu.
  • Kan leverast i ei rekke ulike variantar, og både som utadslåande og innadslåande.
Funkishus Rysstad BYV 00142 1920 Foto Peder Austrud

Isoler med glaslist

Dette er ein type vindu som er meir «standard», der glaset altså blir festa med glaslist i staden for kittfals.

Kurvet 4 rams iSOKiTT spesialvindu BYV 00468 1920 Foto Marit Kvale

Spesialvindu

Fabrikken vår er bygd opp for skreddarsaum. Me kan levere ei rekke ulike spesialvindu som til dømes bua, 6-kanta, kurva og anna. Me kan frese ut spesialsprosser, og kopiere gamle profilar. Om du treng ekstra store vindu, ukurante former eller ønskjer andre materialar som til dømes eik eller accoya, så har me løysingane.

Her er eit vindu kor både glas, ramme og karm er kurva.